torsdag 29. november 2007

Gutten som hadde svar på alt




Ståande applaus for Vikas Swarup si bok Gutten som hadde svar på alt ( Q&A på engelsk) At eg ikkje har lest denne før forstår eg ikkje. Ein fryd å lese. Råskap, kjærleik, myldrande liv, eit India fullt av mangfald.

Ram Mohammad Thomas har vorten arrestert etter å ha svart riktig på tolv spørsmål i Vil du bli millionær? Han er arrestert fordi ein fattig foreldreløs som aldri har lest ein avis og aldri har gått på skule, umulig kan ha svart riktig utan å ha juksa. Ram tenkjer tilbake på tv-programmet, og fortel korleis han klarte å vinne. Samtidig fortel han om sitt eige liv, frå han vart redda frå ei søppelkasse til hans møte med ein sprø australsk oberst og hans tid som kreativ guide ved Taj Mahal.

Boka har vært månedens bok i bokringen på biblioteket på Husnes.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ja,einig med deg Trude Hege - dette var ei herleg bok. Lettlest og artig bygd opp. Positiv, nesten ei "glad-bok", på tross av mykje elende. Veldig interessant om forholda i landet India. Anbefalast! Anita

Teater Saft sa...

Takk for kommentaren, Anita!