tirsdag 4. desember 2007

Mengele zoo


Det var ein regntung morgon på Flesland flyplass. Eg var på veg til Tromsø, og hadde mange timar framfor meg på fly og flyplassar, eg oppdaga at eg hadde gløymt å ta med meg ei einaste bok. Eg sto og studerte bokhylla på Narvesen. Eit heller smalt utvalg av bestselgarar. Nesbø, Ragde og Lindell, nei. Som bibliotekar vert det ikkje til at eg les så mykje av dei forfattarane som "går av seg sjølve". Mange kan vere ueinige med meg der, men dei om det. Men altså, eg tek opp Mengele Zoo, ja visst har eg høyrt om boka. Eg huskar så smått at eg stussa litt når ho vann kåringa som "folkets favoritt" i sommar. Ikkje fordi eg ikkje trudde boka var god, men litt fordi eg ser på Gert Nygårdshaug som ein meir litt sjeldan forfattar utan dei heilt store leseskarane. Eg hadde høyrt rykter om at Gert Nygårdshaug-fanforeninger hadde satt igang stemmeaksjon. No skulle eg sjølv sjå om dette var ei bok som fortente denne prisen. Og gjett om ho innfridde!
Hm, korleis skal eg byrje..Det er nesten vanskelig å finne gode nok superlativer for kva eg syns om denne boka. Leitar du etter ei bok som får opp engasjementet ditt, velg Mengele Zoo! Sjeldan har eg vorten så engasjert, så forbanna, så lidenskapelig som eg vart nå eg las denne boka. No er det like før eg meldar meg inn i eit politisk parti igjen, går ut og demonstrerar mot all urettferdighet, no er det like før eg tek neste fly til den djupe jungelen i Amazonas. Eg får lyst til å omfavne hovudpersonen i boka, Mino Aquiles Portoguesa, når han er ein liten gutt, kva eg har lyst til å gjere med han som vaksen vil eg ikkje avsløre.

No har eg også meldt meg inn i Himmelblomstreet-Gert Nygårdshaugforeningen på facebook. No har eg også kasta meg over boka som fulgte Mengele Zoo, og der ein av personane frå Mengele zoo gjer comeback, no ville eg også stemt han fram! Om boka vann grunna ein stemmeaksjon, gir eg f.. i, for makan til leseoppleving skal du leite lenge etter. Boka bør lesast av alle som har ein samvittighet. Eller kva meinar du?

Boka er månadens bok i desember i bokringen på Kvinnherad bibliotek. Eg gleder meg til å diskutere boka med dei andre.

Vil du vite kva boka handlar om: http://www.cappelen.no/main/Katalog.aspx?f=7063&isbn=9788202147754

2 kommentarer:

Anonym sa...

Puh...dette var ei tøff bok. Rett og slett ubehageleg å lese, synes eg. Kanskje mest fordi eg, uunngåeleg, måtte kjenne på eigne verdiar, eigen moral og eige engasjement mot t.d. urettferd. Men også fordi den er brutal og veldig truverdig. Kven har forresten sagt at bøker berre skal vera behagelege? Me har vel godt av å setje nokre store spørjeteikn og bli røska litt i!!?
Dette er truleg ei slik bok som verkeleg kan forandre, eller i alle fall utvikle, holdningar og nettopp engasjement hos ein lesar.
Som du også beskriv Trude Hege, fekk eg verkeleg lyst til å brette ermene opp og engasjere meg. Den har absolutt gitt meg nye tankar. Eg synes boka er høgaktuell og eg er aldri så lite forundra over at den vart skriven av ein nordmann(!) i 1989!!
Nygårdshaug skriv godt. På same stund som boka er ubehageleg synes eg nemleg den er særs nydeleg i beskriving av natur og menneskjer.
Dette er kanskje den boka eg er mest glad for at eg har lese!
Anita

Anonym sa...

Nett ferdig med å lese Mengele Zoo. Synes det var ein frisk og freidig historie, men det eg ikkje lika i boka var dei laaange beskrivingane av elskovssenene og ein del overnaturlige ting som eg synes tipper over i "pinligheitar". Tok meg sjølv i å skumlese store delar av dette for å komma vidare i historia. Synes dette blir vel mykje sånn "Paulo Coehlo kliss...". Kanskje eg er for lite romantisk???

Kort sagt, ei brukbar bok, men at den kan bli kåra til "tidenes beste norske bok" er meg eit mysterium.