torsdag 24. januar 2008

Den skallete Sangerinnen


Igår las eg to skodespel av Eugene Ionesco medan eg såg på handball-vm. Absurd teater på sitt beste! Eg lo så eg var nær å falla av sofaen, og handballen fekk ikkje så mykje merksemd frå meg. Dei som trur at dei ikkje likar å lese skodespel, eller at skodespel kun er for teater - prøv no å les ei eller alle av desse fantastisk, morsomme, undrande og pussige skodespela til Ionesco. Det første skodespelet, Den skallete sangerinnen har verdsrekord i oppføringar på eit teater i Latinerkvarteret i Paris.


Og du, prøv å få med deg omsetjararens merknadar, samt etterordet. Det forklarar mykje.



onsdag 23. januar 2008

Sjongelerer med bøker...

Egentlig hadde eg tenkt å skrive om Eva Luna, januarboka i bokringen..men så har det seg slik som så ofte før at eg rett og slett ikkje er ferdig. Boka er spanande den, det er ikkje det. Men sidan eg jobbar på bibliotek, vert det alltid slik at freistingar ligg rundt hjørnet kvar einasta dag.



Ofte les eg ti bøker samtidig, og kjenner meg ganske bokschizofren nokre gongar..Men eg har ingen problem mellom å bytte.

Nokre bøker passar på nattbordet, nokre tar eg med på kafé og andre igjen les eg heile tida i. For tida held eg på med Eva Luna, Himmelblomsttreet, Yocubian-bygningen, samt Walt Whitman, fagboka hjernen og Kulturen, Ionesco sine skodespel, nokre diktsamlngar samt lydboka; filosofihistorien på 200 minutter. Novellesamlinga La stå av Ingvild H. Risøy les eg på Kafè. Dei andre på ulike stadar i huset. Walt Whitman i stua, Hjernen og kulturen ved skrivebordet, Eva Luna i senga osb.

Korleis har du det? Klarer du å sjonglere mellom ulike bøker, eller må du lese ei bok frå første til siste side utan innblanding frå andre bøker..?




lørdag 5. januar 2008

Søvnens lekkasje


Søvnens lekkasje av Beate Grimsrud ga meg ein spesiell lesaroppleving. Når eg skulle lese boka tenkte eg at eg skulle ta ho på alvor og nyte ho i horizontal posisjon, nemlig i senga med dyna tett over meg og med innlagte draumepausar.
Ja for det er draumar denne boka handlar om, eller nærare sagt kanskje tilstanden mellom draum og våken tilstand, kanskje, eg er sanneleg ikkje heilt sikker.. "Jeg er forfatter. Det er ikke et yrke. Det er et liv. Men nå sover jeg. / Jeg ligger i sengen og venter. Lengter etter rem-søvnen, lengter etter drømmen ( . .). Jeg ligger med armen rett ut fra virkeligheten. Jeg åpner hånden, halsen og bekkenet. / Det verker inni meg. Det er noe jeg vil ha."
Hovdpersonen som må tolkast å vere Beate Grimsrud sjølv, trer inn og ut av draumetilstanden, berre avbrutt av at telefonen ringar med jevne mellomrom med irriterande seljarar på tråden.
Eg syns det er rett og slett godt gort, og eg undrar meg på korleis ho har fått det til. For det er ein slags rar logikk i det heile, og dei ulike "personane" som opptrer i boka har ein slags utvikling. Her møter vi Anders som er ein figur i ein tidligare roman av Grimsrud, vi møtar Strengteoretikaren som har ulike teorier om nesten alt, Raskalnikov og mor hans, den Namnlause frå Sult og akrobaten som er illustrert på bokas framside.

Eg tek meg sjølv i å småle fleire gongar i løpet av boka, sperre opp auga, for dette er så sprøtt -men også svært poetisk. Så etter ein dag i lag med Beate Grimsrud sitt draumeunivers og mitt eige, er eg i ein ganske svevande tilstand når eg lukkar boka og står opp.
Søvnens lekkasje er ei av dei nominerte bøkene til P2-lyttaranes litteraturpris. Det vert spanande å sjå kor høgt ho kjem opp i den kåringa.