tirsdag 4. desember 2007

Mengele zoo


Det var ein regntung morgon på Flesland flyplass. Eg var på veg til Tromsø, og hadde mange timar framfor meg på fly og flyplassar, eg oppdaga at eg hadde gløymt å ta med meg ei einaste bok. Eg sto og studerte bokhylla på Narvesen. Eit heller smalt utvalg av bestselgarar. Nesbø, Ragde og Lindell, nei. Som bibliotekar vert det ikkje til at eg les så mykje av dei forfattarane som "går av seg sjølve". Mange kan vere ueinige med meg der, men dei om det. Men altså, eg tek opp Mengele Zoo, ja visst har eg høyrt om boka. Eg huskar så smått at eg stussa litt når ho vann kåringa som "folkets favoritt" i sommar. Ikkje fordi eg ikkje trudde boka var god, men litt fordi eg ser på Gert Nygårdshaug som ein meir litt sjeldan forfattar utan dei heilt store leseskarane. Eg hadde høyrt rykter om at Gert Nygårdshaug-fanforeninger hadde satt igang stemmeaksjon. No skulle eg sjølv sjå om dette var ei bok som fortente denne prisen. Og gjett om ho innfridde!
Hm, korleis skal eg byrje..Det er nesten vanskelig å finne gode nok superlativer for kva eg syns om denne boka. Leitar du etter ei bok som får opp engasjementet ditt, velg Mengele Zoo! Sjeldan har eg vorten så engasjert, så forbanna, så lidenskapelig som eg vart nå eg las denne boka. No er det like før eg meldar meg inn i eit politisk parti igjen, går ut og demonstrerar mot all urettferdighet, no er det like før eg tek neste fly til den djupe jungelen i Amazonas. Eg får lyst til å omfavne hovudpersonen i boka, Mino Aquiles Portoguesa, når han er ein liten gutt, kva eg har lyst til å gjere med han som vaksen vil eg ikkje avsløre.

No har eg også meldt meg inn i Himmelblomstreet-Gert Nygårdshaugforeningen på facebook. No har eg også kasta meg over boka som fulgte Mengele Zoo, og der ein av personane frå Mengele zoo gjer comeback, no ville eg også stemt han fram! Om boka vann grunna ein stemmeaksjon, gir eg f.. i, for makan til leseoppleving skal du leite lenge etter. Boka bør lesast av alle som har ein samvittighet. Eller kva meinar du?

Boka er månadens bok i desember i bokringen på Kvinnherad bibliotek. Eg gleder meg til å diskutere boka med dei andre.

Vil du vite kva boka handlar om: http://www.cappelen.no/main/Katalog.aspx?f=7063&isbn=9788202147754

torsdag 29. november 2007

Gutten som hadde svar på alt




Ståande applaus for Vikas Swarup si bok Gutten som hadde svar på alt ( Q&A på engelsk) At eg ikkje har lest denne før forstår eg ikkje. Ein fryd å lese. Råskap, kjærleik, myldrande liv, eit India fullt av mangfald.

Ram Mohammad Thomas har vorten arrestert etter å ha svart riktig på tolv spørsmål i Vil du bli millionær? Han er arrestert fordi ein fattig foreldreløs som aldri har lest ein avis og aldri har gått på skule, umulig kan ha svart riktig utan å ha juksa. Ram tenkjer tilbake på tv-programmet, og fortel korleis han klarte å vinne. Samtidig fortel han om sitt eige liv, frå han vart redda frå ei søppelkasse til hans møte med ein sprø australsk oberst og hans tid som kreativ guide ved Taj Mahal.

Boka har vært månedens bok i bokringen på biblioteket på Husnes.

mandag 26. november 2007

P2-lyttaranes romanpris...

Og nei, eg skal skal ikkje okke og oye meg denne gongen..For P2-lyttaranses romanpris er ein utmerka pris! Programma er uhyre underhaldande, og formidlinga av bøkene er svært god. Ei folkejury av litteraturintereserte "vanlege folk" frå det ganske land diskuterer bøker til høg temperatur i P2 sitt studio. Dette er folk som tør si meininga si, dette er folk som tør å vere ueinige. Dei dagane P2-lyttarane diskuterer er ein fryd for øret. Eg veit ikkje heilt kva det er, men kanskje noko om at desse folka pakkar det ikkje inn, bøkene vert ikkje intelektualiserte, det som gjeld er stort sett om ein likar boka eller ikkje og kvifor eller kvifor ikkje? Og stort sett er det vel det folk treng å vita for å få lyst til å lese ei bok eller ei?

Har du lyst til å sitta i denne fantastiske juryen? http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.4057524

Vil du høyre sendingane frå i vinter :http://www.nrk.no/programmer/sider/p2-lyttaranes_romanpris/

fredag 16. november 2007

Kor går Brage?


Brage er Odin sin sønn med Gunlød, gift med Ydun. Brage spiller harpe dagen lang og dikter selv sine sanger og er diktekunstens gud. Brage kjenner også runenes magi.
I det siste kan det virke som Brage heller spiller harpe dagen lang enn å formidle litteratur. Dessverre har markeringa av brageprisen krympet mer og mer inn. Eg minnast korleis det var i byrjinga. Direktesendt tv-show i beste sendetid, her skulle forfattarane feirast og det skulle visast for heile nasjonen? Eg veit ikkje heilt kva som har skjedd med den ein gong så vitale Brage? Først forsvann han frå skjermen meir og meir, og i år har Brageprisen ikkje tatt seg bryet med å sende ut materiell til biblioteka. Priser av ulike slag er svært kjærkomment for biblioteka. Det er ein fin mogelegheit til å eksponere forfattarer som elles ikkje får så mykje merksemd. Ja, for det er jo ofte slik at prisane som heng høgt ofte går til forfattarar som få har høyrt om! Kan dette være grunnen til at Brage meir og meir har trekt seg tilbake til Valhall? Eg berre spør?
På Wikipedia les eg om Brage at "Han var klok og veltalende, men har en relativt anonym plass i mytologien. Dette kan tolkes dithen at Brage simpelthen er en av Odins mange skikkelser." Dette seier vel det meste.., eller (?)

...og vinnerne er...


I går vart brageprisane for 2007 delt ut.
Skjønnlitteratur for vaksne: Carl Frode Tiller: Innsirkling
Barne- og ungdomsbøker: Linn T. Sunne : Happy
Sakprosa: Frank Rossavik: Stikk i strid. Ein biografi om Einar Førde
Sakprosa for barn 8åpen klasse 2007): Jon Ewo og Bjørn Ousland: Fortellingen om et mulig drap
Hedersprisen 2007: Guri Vesaas

For å sjå alle nominasjonanane med tekstutdrag og forfattarpresentasjoner klikk deg inn på brageprisens heimeside http://www.brageprisen.no/tekster/nom.shtml

onsdag 14. november 2007

Haruki Murakami


Likar du den sære, litt pussige men vidunderlige verda til Haruki Murakami
sjekk ut denne hjemmesiden: http://www.randomhouse.com/features/murakami/site.php

Bøkene til Murakami svever, drømmeliknande, fantastiske, har du lest ei, vil du aldri gløyme ho, og du berre må ha meir, meir meir!!
Gode Murakami-titlar er m.a. Kafka på Stranden og Trekkoppfuglene

Pang Pang Pang POESISLAM

Synast du at ein vanleg forfattaropplesning er kjedelig? Ein opplesning der ein ofte innadvent poet eller forfattar står og les opp frå boka si, og du må sitte stille å lytte og helst ikke lee på ein finger og i alle fall ikkje le. Prøv å gå på poesislam ein gong! Det liknar meir på kampsport eller teatersport der framføringa står i hovudsetet! Poeten kan rappe, rope, bruke kroppen og nærmast danse på scenen. Og du som publikummar er med på å bestemme kven som er best. Fredag 26.oktober var det finale i NM i poesislam under Bok i sentrum i Oslo. Og det var heilt fantastisk gøy. har du lyst til å vite meir om kva poesislam er, klikk på lenka under:
http://poesislam.no/

Eg oppfordrar alle som har lyst til å kaste seg utpå og bli ein poesislammar. Det skal iallefall eg neste år!

Lesesirkel på biblioteket

Om lag ein gong i månaden møtast ein gjeng leseglade menneske på biblioteket og diskuterer bøker.

Tidligare har vi lest:

Kompani Orheim av Tore Renberg
Bare mjuke pakker under treet av Levi Henriksen
Parfymen av Patrick Süskind
Vindens skygge av Ruiz Zafon
Å lese Lolita i Teheran av Azar Nafisi
Lesesirkelen av Elisabeth Noble
Drømmen om Amerika av Toril Brekke
Anna Karenina av Lev Tolstoj
Hav av tid av Merete Morken Andersen
Mesteren og Margarita av Mikhail A. Bulgakov
Blind av Lars Ove Seljestad
Gulldronning. Perledroning og Andrea D av Margaret Skjelbred
På vei til en venn av Nils Fredrik Dahl
Gutten som hadde svar på alt av Vikas Swarup
Mengele Zoo av Gert Nygårdshaug
Eva Luna av Isabel Allende
Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda

Har du også lyst til å vere med i lesesirkel? Ta kontakt med Trude Hege på Kvinnherad bibliotek eller ring tlf: 53 48 27 79.