fredag 22. februar 2008

Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda



Hm.. kva skal eg seie om denne boka...? No er eg godt og vel 250 sider uti ho, og er ikkje blitt heilt grepe av ho, men det kjem vel håpar eg..Den er fornøyeleg og lettlest, sjølv om eg nokre gonger syns den er litt seig..Men eg kjenner at eg les litt på viljen no..Eg veit ikkje heilt kva ho vil med meg. Men eg bit meg fast og skal nok bli ferdig til bokringen neste torsdag. Berre det ikkje kjem nokre veldig fristande bøker og lurar meg ut i utroskap.

Og så ein liten tanke..Kvifor i all verda må filmversjonen av boka ha bokmålstittel? Sammen er vi mindre alene.. Altså når tusenvis av nordmenn har klart å lese ei bok på over 600 sider på nynorsk, kan man vel beholde den opprinnelige tittelen..



Ikkje akkurat ein nyhet...


...men sidan eg har vore i Bloggerfri-eksilland nokre veker så har eg ikkje melda om at det faktisk blei min favoritt som vann P2-lytternes romanpris 2008


Gratulerer BEATE GRIMSRUD som vann einstemmig med boka Søvnens lekkasje.


Fekk du ikkje med deg dette utmerka programmet på P2, kan du lese og høyre det her

Eva Luna av Isabel Allende


Ein gamal klassiker dette, men absolutt vel verdt å hente fram frå bakerst i bokhylla eller magasinet i biblioteket.

I romanen følgjer vi Eva Luna frå ho vert unnfanga (ja!), gjennom barndom, ungdomstid og til ho vert ei ung kvinne. Eit dramatisk og fargerikt liv som vert skildra med eit svært vakkert og malande språk. Magisk realisme, ja. Boblande forteljarglede, ein nytelse å lese. Rett og slett ei deilig bok.


Eva Luna var månadens bok i januar i bokringen på Husnes.