onsdag 14. november 2007

Pang Pang Pang POESISLAM

Synast du at ein vanleg forfattaropplesning er kjedelig? Ein opplesning der ein ofte innadvent poet eller forfattar står og les opp frå boka si, og du må sitte stille å lytte og helst ikke lee på ein finger og i alle fall ikkje le. Prøv å gå på poesislam ein gong! Det liknar meir på kampsport eller teatersport der framføringa står i hovudsetet! Poeten kan rappe, rope, bruke kroppen og nærmast danse på scenen. Og du som publikummar er med på å bestemme kven som er best. Fredag 26.oktober var det finale i NM i poesislam under Bok i sentrum i Oslo. Og det var heilt fantastisk gøy. har du lyst til å vite meir om kva poesislam er, klikk på lenka under:
http://poesislam.no/

Eg oppfordrar alle som har lyst til å kaste seg utpå og bli ein poesislammar. Det skal iallefall eg neste år!

Ingen kommentarer: