mandag 26. november 2007

P2-lyttaranes romanpris...

Og nei, eg skal skal ikkje okke og oye meg denne gongen..For P2-lyttaranses romanpris er ein utmerka pris! Programma er uhyre underhaldande, og formidlinga av bøkene er svært god. Ei folkejury av litteraturintereserte "vanlege folk" frå det ganske land diskuterer bøker til høg temperatur i P2 sitt studio. Dette er folk som tør si meininga si, dette er folk som tør å vere ueinige. Dei dagane P2-lyttarane diskuterer er ein fryd for øret. Eg veit ikkje heilt kva det er, men kanskje noko om at desse folka pakkar det ikkje inn, bøkene vert ikkje intelektualiserte, det som gjeld er stort sett om ein likar boka eller ikkje og kvifor eller kvifor ikkje? Og stort sett er det vel det folk treng å vita for å få lyst til å lese ei bok eller ei?

Har du lyst til å sitta i denne fantastiske juryen? http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.4057524

Vil du høyre sendingane frå i vinter :http://www.nrk.no/programmer/sider/p2-lyttaranes_romanpris/

Ingen kommentarer: