tirsdag 10. juni 2008

Henrik Wergeland 200-år


Det er Wergeland-år i år. 200 år sidan diktaren blei fødd. Eg kom nett over denne utmerka sida:
Eg har aldri vore så veldig oppteken av Wergeland, men eg trur nok han er meir interessant enn eg trudd før..Nettsida er ihvertfall flott og verdt å skjekke ut.

onsdag 5. mars 2008

Sproing-prisen

Dei nominerte er:

Beste norske teikneserie:
Jeg drepte Hitler
Ugler
Kanon 2
Nebelgrad Blues 3
Rabbel 10
Beste oversatte serier:
Epileptisk
Husfred
Buddha 1: Kapilavastu
Fotografen
Sort hull
Beste debutant:
Gunnar Wærness
Tor Morisse
Martin Ernstsen

Stem på din teikneseriefavoritt her

Av desse har eg lest Buddha 1: Kapilavastu som eg elska. Eg har ikkje lest Kanon 2, men liknar den ørlite på Kanon (1) lovar det bra. I Kanon møter vi m.a. August Strindberg og Edvard Munch i all deira galskap. Innimellom dukkar også teikneserieforfattarane opp. Fiske og Kvernland har svært ulik teiknestil, men det er berre artig å sjå dei to om kvarandre i same bok.
Svært humoristisk!!









fredag 22. februar 2008

Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda



Hm.. kva skal eg seie om denne boka...? No er eg godt og vel 250 sider uti ho, og er ikkje blitt heilt grepe av ho, men det kjem vel håpar eg..Den er fornøyeleg og lettlest, sjølv om eg nokre gonger syns den er litt seig..Men eg kjenner at eg les litt på viljen no..Eg veit ikkje heilt kva ho vil med meg. Men eg bit meg fast og skal nok bli ferdig til bokringen neste torsdag. Berre det ikkje kjem nokre veldig fristande bøker og lurar meg ut i utroskap.

Og så ein liten tanke..Kvifor i all verda må filmversjonen av boka ha bokmålstittel? Sammen er vi mindre alene.. Altså når tusenvis av nordmenn har klart å lese ei bok på over 600 sider på nynorsk, kan man vel beholde den opprinnelige tittelen..



Ikkje akkurat ein nyhet...


...men sidan eg har vore i Bloggerfri-eksilland nokre veker så har eg ikkje melda om at det faktisk blei min favoritt som vann P2-lytternes romanpris 2008


Gratulerer BEATE GRIMSRUD som vann einstemmig med boka Søvnens lekkasje.


Fekk du ikkje med deg dette utmerka programmet på P2, kan du lese og høyre det her

Eva Luna av Isabel Allende


Ein gamal klassiker dette, men absolutt vel verdt å hente fram frå bakerst i bokhylla eller magasinet i biblioteket.

I romanen følgjer vi Eva Luna frå ho vert unnfanga (ja!), gjennom barndom, ungdomstid og til ho vert ei ung kvinne. Eit dramatisk og fargerikt liv som vert skildra med eit svært vakkert og malande språk. Magisk realisme, ja. Boblande forteljarglede, ein nytelse å lese. Rett og slett ei deilig bok.


Eva Luna var månadens bok i januar i bokringen på Husnes.

torsdag 24. januar 2008

Den skallete Sangerinnen


Igår las eg to skodespel av Eugene Ionesco medan eg såg på handball-vm. Absurd teater på sitt beste! Eg lo så eg var nær å falla av sofaen, og handballen fekk ikkje så mykje merksemd frå meg. Dei som trur at dei ikkje likar å lese skodespel, eller at skodespel kun er for teater - prøv no å les ei eller alle av desse fantastisk, morsomme, undrande og pussige skodespela til Ionesco. Det første skodespelet, Den skallete sangerinnen har verdsrekord i oppføringar på eit teater i Latinerkvarteret i Paris.


Og du, prøv å få med deg omsetjararens merknadar, samt etterordet. Det forklarar mykje.



onsdag 23. januar 2008

Sjongelerer med bøker...

Egentlig hadde eg tenkt å skrive om Eva Luna, januarboka i bokringen..men så har det seg slik som så ofte før at eg rett og slett ikkje er ferdig. Boka er spanande den, det er ikkje det. Men sidan eg jobbar på bibliotek, vert det alltid slik at freistingar ligg rundt hjørnet kvar einasta dag.



Ofte les eg ti bøker samtidig, og kjenner meg ganske bokschizofren nokre gongar..Men eg har ingen problem mellom å bytte.

Nokre bøker passar på nattbordet, nokre tar eg med på kafé og andre igjen les eg heile tida i. For tida held eg på med Eva Luna, Himmelblomsttreet, Yocubian-bygningen, samt Walt Whitman, fagboka hjernen og Kulturen, Ionesco sine skodespel, nokre diktsamlngar samt lydboka; filosofihistorien på 200 minutter. Novellesamlinga La stå av Ingvild H. Risøy les eg på Kafè. Dei andre på ulike stadar i huset. Walt Whitman i stua, Hjernen og kulturen ved skrivebordet, Eva Luna i senga osb.

Korleis har du det? Klarer du å sjonglere mellom ulike bøker, eller må du lese ei bok frå første til siste side utan innblanding frå andre bøker..?