lørdag 5. januar 2008

Søvnens lekkasje


Søvnens lekkasje av Beate Grimsrud ga meg ein spesiell lesaroppleving. Når eg skulle lese boka tenkte eg at eg skulle ta ho på alvor og nyte ho i horizontal posisjon, nemlig i senga med dyna tett over meg og med innlagte draumepausar.
Ja for det er draumar denne boka handlar om, eller nærare sagt kanskje tilstanden mellom draum og våken tilstand, kanskje, eg er sanneleg ikkje heilt sikker.. "Jeg er forfatter. Det er ikke et yrke. Det er et liv. Men nå sover jeg. / Jeg ligger i sengen og venter. Lengter etter rem-søvnen, lengter etter drømmen ( . .). Jeg ligger med armen rett ut fra virkeligheten. Jeg åpner hånden, halsen og bekkenet. / Det verker inni meg. Det er noe jeg vil ha."
Hovdpersonen som må tolkast å vere Beate Grimsrud sjølv, trer inn og ut av draumetilstanden, berre avbrutt av at telefonen ringar med jevne mellomrom med irriterande seljarar på tråden.
Eg syns det er rett og slett godt gort, og eg undrar meg på korleis ho har fått det til. For det er ein slags rar logikk i det heile, og dei ulike "personane" som opptrer i boka har ein slags utvikling. Her møter vi Anders som er ein figur i ein tidligare roman av Grimsrud, vi møtar Strengteoretikaren som har ulike teorier om nesten alt, Raskalnikov og mor hans, den Namnlause frå Sult og akrobaten som er illustrert på bokas framside.

Eg tek meg sjølv i å småle fleire gongar i løpet av boka, sperre opp auga, for dette er så sprøtt -men også svært poetisk. Så etter ein dag i lag med Beate Grimsrud sitt draumeunivers og mitt eige, er eg i ein ganske svevande tilstand når eg lukkar boka og står opp.
Søvnens lekkasje er ei av dei nominerte bøkene til P2-lyttaranes litteraturpris. Det vert spanande å sjå kor høgt ho kjem opp i den kåringa.

Ingen kommentarer: