onsdag 23. januar 2008

Sjongelerer med bøker...

Egentlig hadde eg tenkt å skrive om Eva Luna, januarboka i bokringen..men så har det seg slik som så ofte før at eg rett og slett ikkje er ferdig. Boka er spanande den, det er ikkje det. Men sidan eg jobbar på bibliotek, vert det alltid slik at freistingar ligg rundt hjørnet kvar einasta dag.



Ofte les eg ti bøker samtidig, og kjenner meg ganske bokschizofren nokre gongar..Men eg har ingen problem mellom å bytte.

Nokre bøker passar på nattbordet, nokre tar eg med på kafé og andre igjen les eg heile tida i. For tida held eg på med Eva Luna, Himmelblomsttreet, Yocubian-bygningen, samt Walt Whitman, fagboka hjernen og Kulturen, Ionesco sine skodespel, nokre diktsamlngar samt lydboka; filosofihistorien på 200 minutter. Novellesamlinga La stå av Ingvild H. Risøy les eg på Kafè. Dei andre på ulike stadar i huset. Walt Whitman i stua, Hjernen og kulturen ved skrivebordet, Eva Luna i senga osb.

Korleis har du det? Klarer du å sjonglere mellom ulike bøker, eller må du lese ei bok frå første til siste side utan innblanding frå andre bøker..?




3 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg er også sånn som kan lese flere bøker om gangen. :) Det er ganske normalt, og har ikke noe problemer med å holde trådene i de ulike bøkene jeg leser.

Sinoberia sa...

Det kommer an på flere ting; årstid, mental tilstand, grad av travelhet hjemme, ytre påvirkningsfaktorer osv. Men jeg merker at evnen til å koble ut og leve seg inn i boka er blitt skralere nå enn tidligere. Dessuten fikk jeg plutselig en helt ny familie i fanget etter bare å ha levd for meg selv i mange år. Luksus å kunne gjøre som man vil, men fint med mann og familie og! Ha en fin lesevår!

Anonym sa...

Må alltid ha meir enn ei bok gåande om gongen, i tillegg til lydboka i bilen. Sjongleringa går fint den. Kva for bok eg til ei kvar tid les kjem heilt an på kor, når, kor opplagt eg er, og om eg køyrer bil aleine.
Så akkurat no er det:
"Tilfeldigvis : Arial Footlights forhistorie" av Silje E. Fretheim, "Burning for revenge" av John Marsden (veldig bra serie),
"Et hav av språk" av Å. og A. Næss,
"The year's best science fiction" (novellesamlingar tar alltid veldig lang tid),
California (reisehandbok),
og på lydbok "Muleum" av Erlend Loe.
Og som Trude syns eg at bokhaugen alltid vekst og at freistingane er mange...Heldigvis!