torsdag 24. januar 2008

Den skallete Sangerinnen


Igår las eg to skodespel av Eugene Ionesco medan eg såg på handball-vm. Absurd teater på sitt beste! Eg lo så eg var nær å falla av sofaen, og handballen fekk ikkje så mykje merksemd frå meg. Dei som trur at dei ikkje likar å lese skodespel, eller at skodespel kun er for teater - prøv no å les ei eller alle av desse fantastisk, morsomme, undrande og pussige skodespela til Ionesco. Det første skodespelet, Den skallete sangerinnen har verdsrekord i oppføringar på eit teater i Latinerkvarteret i Paris.


Og du, prøv å få med deg omsetjararens merknadar, samt etterordet. Det forklarar mykje.



1 kommentar:

Anonym sa...

Eg er einig. Ei bok til å le seg skakk av. Du har og vorten særs god til å skrive nynorsk, Kva med å gjere det i din eigen prosa?